Okei, ein liten konkurranse
Yoshis nynorskblogg er diverre over, men eg (altså Vegard, heihei alle saman, og ikkje Yoshi), vil halde fram med å blogge. For eg ser så mange rare ting og språkfeil eg vil henge meg opp i, og bla bla bla at eg MÅ ha ein blogg. Sjølv om berre fem nære venar les den bloggen, så er det så verdt det at nettopp dei fem les akkurat det eg skriv.
Konkurransen går no ut på at du skal finne denne nye bloggen!!
Du skal sjølvsagt få eit par hint:
- Bloggen er ikkje på bloggbyen.com, men ein annan bloggside eg har blogga før
- Namnet på bloggen er inspirert av Twitter (tenk twitter på nynorsk, lzm)
- Bloggen er sjølvsagt på nynorsk
- Bloggaren heiter Vegard
Det kan ta litt tid før den nye bloggen er mogleg å søkje opp på Google, men ikkje så lang tid.
GÅ GÅ GÅ!
Har du funne bloggen? Skriv ein kommentar her! Vinnaren (altså den som finn bloggen fyrst) får eit personleg dikt frå meg. <3